Geiranger
Billetter
Festspela i Geiranger
Nordic Tenors kjem til Festspela i Geiranger med vakker stemmeprakt, lun humor og musikk av høg kvalitet. I Geirangersalen på Hotel Union får publikum oppleve Jan-Tore Saltnes, Nils Georg Nilsen og Espen Solsbak med fjordlandskapet som storslått bakteppe.
Dei tre tenorane byr på solide stemmer og høgt kunstnarleg nivå, kombinert med lun humor, små sprell og ein direkte kontakt med publikum. Repertoaret spenner frå klassiske perler og kjende melodiar til musikalske overraskingar.
Festkonserten er ein del av programmet til Festspela i Geiranger 2026. Les meir på festspel.no.

Geirangersalen, Hotel Union Geiranger
Konsertdetaljer
Festspela i Geiranger
Dato
laurdag 3. oktober 2026
Tid
kl. 17:30 – 18:30
Lokasjon
Geirangersalen, Hotel Union Geiranger

